Miljøprisen 2010
Den 31. mai vart NGIR sin miljøpris delt ut.
Vinnarane står for idrettsarrangement som involverer store mengder folk, både på arrangør- og deltakarsida. Her blir på offensiv måte satsa på kjeldesortering av alt avfallet som oppstår. Vinnarane har gjennomført opplæring av eigne ”vaktstyrkar” og har sytt for informasjon til publikum. Dette er med på å synleggjera for alle at det er viktig å ta vare på ressursane i avfallet. Etter fleire år med kjeldesortering av avfall, har ein lært opp ungdom, som så blir rettleiarar for nye kull. Juryen meiner det er prisverdig at idretten tar samfunnsansvar også på denne måten. Prisen blir delt likt mellom dei 5 vinnarane.
Vinnarane er:
- Austrheim-cup
- Knarvikmila
- Kvernbit-cup
- NBK-cup
- NBK-Tine Fotballskule
Sjå óg omtale i avisene Strilen og Nordhordland.
Diploma er laga av Solveig Serigstad Hauge. Møt henne på Facebook
|



Du kan no levera klede i dei grøne containerane i Kjevikdalen, på Litlås og på Manger. Innsamlinga og gjenbruk av kleda er det organisasjonen UFF Norge som står for. NGIR har starta eit samarbeid om innsamling med UFF Norge. Vårt bidrag til ordninga er at containerane er tilgjengelig for publikum på gjenvinningsstasjonane våre.