Font Size

Cpanel

Vårens rydderuter er klare

Fargerike kostar image 268242 No er rydderutene for våren 2013 klare. Dette gjeld for dei som bur langt unna gjenvinningsstasjonane våre. Her finn du henteruter for vårrydding og farleg avfall.

Ver venleg å ikkje blande avfallet - tenk på dei som skal ta det att! Legg ulikt avfall kvar for seg og på fast underlag ved ordinære boss-stopp. Nytt i år: visse typar avfall må liggja på pallar.

 

Laurdag 16. mars Fedje Fedje 
Laurdag 23. mars Meland Nord for kryss gamleveg til Ryland frå FV 564.
Laurdag 6. april Modalen, Lindås, Masfjorden Modalen. Lindås aust for Eikefettunellen, samt frå undergang ved E39 på Ostereidet og til Nesbø. Andvik–Andås.
Fredag 12. april Solund Ytre Solund, til Steinsundet bru.
Laurdag 13. april Solund    Indre Solund, frå og med Steinsundet bru. 
Laurdag 20. april Gulen, Masfjorden Byrknes, Brekke, Oppedal, Kringla, Gulen - nord for tunell ved Leversund bru, Leversund–Austgulen.
Laurdag 27. april Gulen, Masfjorden Gulen sør for tunell ved Leversund bru, Ynnesdalen, Masfjorden unnateke Andvik–Andås.

Sorter avfallet og set det ut før kl. 07.00 der du vanlegvis set ut dunkane dine. Ver snill og fjerna ting som ligg lagra i nærleiken som ikkje skal hivast, så slepp me vera i tvil og kasta ting du har bruk for. Samle småting i øskjer.


Dette kan du levera på vårrydderutene:

  • Metall (tomme 200 l spuns-/spennlokkfat skal leverast som metall)
  • Klede
  • Møblar 
  • Hageavfall
  • Elektrisk og elektronisk (EE) avfall


Følgjande kan leverast ferdig lagt og surra på pallar (utan vert det ikkje tatt med):

  • Isolerglas (Glas som er produsert før 1990 skal leggjast på palll, glas produsert seinare er restavfall)
  • Eternit/asbest (tett pakka i plast)
  • Trykkimpregnert treverk (tilpassa pall)

Ver venleg å ikkje blanda avfall på pallen. Legg til dømes isolerglas og eternitt på kvar sin pall.


Dette kan du ikkje levera:

  • Næringsavfall (til dømes rundballeplast)
  • Farleg avfall (sjå eigen rute for farleg avfall)
  • Større mengder bygge- og rivingsmateriell
  • Bilmotorar og bildekk
  • Metall- og glasemballasje (eigne returpunkt)


NB! Ordninga er for private hushald, ikkje næringskundar.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Forsiden Vårens rydderuter er klare