Font Size

Cpanel

Anna avfall til deponi

Krav til avfall

Skal vera godkjend av NGIR i kvart tilfelle på bakrunn av basiskarakterisering som ved eit minimum syner at avfallet ikkje er farleg avfall. Sjå kapittel 9 og kapittel 11 i avfallsforskrifta

Krav til dokumentasjon

  • Basiskarakterisering [Link til dokumentet ”slik gjennomfører du ei basiskarakterisering”]
  • Deklarasjon [Link til dokumentet ”slik fyller du ut deklarasjonsskjemaet”] som viser til godkjend basiskarakterisering (analyse) ved jamnleg levering.

Handsaming

  • Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.

NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.


Asbesthaldig avfall

Krav til avfall

Asbest kan vera kreftframkallande, og må handterast på ein måte som er trygg for NGIR sine tilsette. Avfallet skal pakkast inn i plast, og må plasserast på palle.

Krav til dokumentasjon

Handsaming

  • Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.

NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå våre mottakskrav.


Avfall som er ulovleg å deponere

NGIR sitt driftsløyve datert 29.6.2009, samt avfallsforskrifta §9-4 definerer kva typar avfall som ikkje kan deponerast ved deponiet i Kjevikdalen.

Følgjande avfallstypar er ikkje tillete å deponere:

  1. Biologisk nedbrytbart avfall, med unntak av avfall der totalt organisk karbon (TOC) ikkje overstig 10 % eller der glødetapet ikkje overstig 20 %. Forureiningsstyresmaktene kan i særlige tilfelle tillate deponering av anna biologisk nedbrytbart avfall.
  2. Flytande avfall,
  3. Avfall som under forholda i eit deponi må reknast som eksplosivt, radioaktivt eller etsande, oksiderande, svært brannfarleg eller brannfarleg, jf. vedlegg 3 til kapittel 11 om farleg avfall,
  4. Smittefarleg avfall frå sjukehus og anna medisinsk eller veterinærmedisinsk verksemd, og avfall frå forskning og utvikling eller undervisning som inneheld kjemiske stoff som er ukjente og/eller er nye og der effektane på menneske og miljø ikke er kjent,
  5. Heile kasserte dekk og kverna kasserte dekk, med unntak av sykkeldekk,
  6. Ein kvar anna type avfall som ikkje oppfyller kriteria for mottak av avfall, jf. vedlegg II til dette kapitlet. Det er forbode å uttynna eller blanda avfallet for å oppfylla kriteria.

Betong

Krav til avfall

Skal ikkje innehalda PCB eller anna som kan definera avfallet som farleg avfall.

Krav til dokumentasjon

Handsaming

  • Deponering

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.

NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå våre mottakskrav.


ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Kva du kan levera