Nytt liv for bosset hjå NGIR

Elevane i 3. og 4. klasse ved Skodvin skule har dei siste vekene hatt fokus på kjeldesortering og miljø. Fredag fekk dei sjå og høyre kva som skjer med bosset dei kjeldesorterer heime og på skulen.
- 620 kilo, konstaterer Roger Fjellsbø i NGIR etter å ha sjekka vekta der alle kjøretøy vert vege ved innkjøring og utkjøring. På veggen ved bommen står det ei tavle, der borna kan sjå at det står 062 med lysande tal. I dag er det ikkje ein lastebil som vert vege, men heile 3. klasse ved Skodvin skule med lærarar. Dei har dei siste vekene lært mykje om gjenvinning, og no vil dei sjå kva som skjer med avfallet dei sorterer heime og på skulen. Turen byrjar ved porten, og på anlegget får dei mellom anna sjå korleis såkalla ”farleg avfall” vert handsama og sendt av garde, slik at det ikkje gjer skade på natur, dyr og menneske. Dei får også sjå korleis kartongane dei skyl og brettar på skulen vert sortert ut frå papiret for hand.
- Dersom de brettar kartongane heime, stappar seks kartongar i den sjuande og skriv namn og telefonnummer på, kan de faktisk vinna 10 000 kroner. Hjå oss er det tre som har vunne i år, så det er god sjanse for å vinna, fortel Hans Rune Valle, som er rådgjevar ved NGIR. Blant alle som er med, vert det kvart år trekt ut ein hovudpremie på heile 100 000 kroner i returkartonglotteriet. Elevane fortel ivrig at dei mellom anna skyl og sorterer mjølkekartongane på skulen.
Frå bil til spiker
- Tenk at bilar kan verte spiker, det visste eg ikkje, seier Lena Grimstad (4.klasse), som er på omvisninga på NGIR sitt anlegg i Kjevikdalen. Turen har gått innom gjenvinningsstasjonen, der borna har fått sjå korleis ein kastar ulikt materiale i ulike containerar slik at dei kan verte brukt på nytt, eller verte til heilt nye ting. Like ved staden der bilvraka vert handsama, ligg det også eit stort berg fullt av glas og metall.
- Er det nokon som veit kva som skjer med alt glaset og metallet? Spør Roger Fjellsbø frå NGIR, som er omvisar.
- Det vert til nytt glas, eller nye boksar, svarar Gabriel (3. klasse) ivrig, og legg til at han veit at glaset skal leverast i containerar ved butikken. Roger Fjellsbø kan fortelja at det ikkje er nok metall i gruvene til å laga alt vi menneske treng, og difor er det viktig at vi kjeldesorterer slik at vi kan bruke metallet om att.
- Metall er grunnstoff, og kan brukast oppatt og oppatt i det uendelege, fortel Roger.
God på sortering
Når klassen kjem inn etter omvisinga får dei ei oppgåve av Hans Rune Valle frå NGIR. Han tømmer ein haug med ulikt avfall utover eit bord og så skal elevane, som har delt seg i to grupper, finna ut kva avfall som skal kor. Det er seks ulike bøtter, for plast, metall og glas, El- avfall, papir, matavfall, og restavfall. Det meste går greitt, men når den eine gruppa finn ein kulepenn vert dei i stuss.
- Denne er jo både av plast og metall, då må den vel i restavfallet, spør ein av dei Hans Rune, og får beskjed om at det er heilt rett tenkt. Hans Rune tek fram ein bit med veggisolasjon og spør om det er nokon som veit kva det er laga av. Enkelte trur det er laga av ull, medan andre trur det er laga av plast, slik som fleece.
- Dette er faktisk laga av glas, kan Hans Rune fortelja til mange si store undring. Elevane får også vita at plast er laga av olje, og at det er eit materiale som eignar seg godt til gjenvinning.
Viktig å sortera
Etter ein spennande dag på NGIR sitt anlegg får ungane utdelt kvart sitt Donald-hefte i resirkulert papir, og Hans Rune spør om elevane synest dei har lært noko nyttig.
- Det er viktig å sortera bosset vårt, slik at det kan verta til nye ting. Då sparar vi skogen vår, og får nok plast og metall til å laga det vi treng, seier Harald (8).
Sist oppdatert (måndag 28. november 2011 09:49)

