Vil ha slutt på forsøpling

NGIR får klager som følgje av at folk dumper avfall i og ved hyttecontainerane i Nordhordland. Folk skal levera grovavfallet sitt ved gjenvinningsstasjonane.
I staden for å levera avfallet til gjenvinningsstasjonane, slik meininga er, set folk i staden frå seg sekkar med søppel rundt hyttecontainerane.
Dette fører til rot og uhyggje for dei som bur rundt, for grunneigarane og for NGIR.
Fordyrar ordningane
Fuglar og dyr riv hol i sekkane, og bosset flyt rundt containerane.
- Ikkje berre ser det uryddig ut, men det resulterer og i at våre sjåførar må rydda opp hundrevis av kilo for hand, seier ingeniør i NGIR, Hans Rune Valle.
Han fortel at når sjåførane må bruka ekstra tid på å rydda rundt hyttecontainerane, er dette med på å fordyra ordningane til NGIR.
- Slik sett rammar det alle våre abonnentar at enkelte ikkje har respekt for ordningane, seier Valle.
Kjem til overfylte containerar
Hyttecontainerane i Nordhordland, Solund og Gulen vert tømd av NGIR sine sjåførar kvar 14. dag i lågsesongen, og to gongar i veka i høgsesongen. Dette skal vera rikeleg dersom hyttecontainerane vert nytta av hyttefolk, og til det dei skal.
Dessverre får vi likevel telefonar frå hytteeigarar som kjem til fulle containerar når dei skal kvitta seg med avfallet sitt.
Kan i verste fall verte fjerna
Problemet er størst i Ytre Gulen og innover Osterfjorden. Kunderådgjevar for hushald og hytter, Siv-Marit Rødland, fortel at det kjem inn mange klager til NGIR frå folk i nærmiljøet rundt hyttecontainerane, og frå grunneigarar.
- Vi har hengt opp plakatar ved hyttecontainerane, der vi bed om at det ikkje må ureinast. Det har dessverre ikkje hatt den effekten vi ønska, og resultatet enkelte stader er at grunneigar bed om at containerane vert fjerna, seier Rødland.
Gratis på gjenvinningsstasjonane
Rødland minner om at det er gratis for NGIR sine abonnentar å levera avfallet på gjenvinningsstasjonane i Kjevikdalen, på Litlås og på Manger.
Gjenvinningsstasjonane kan nyttast til å levera avfall som glas- og metallemballasje, metall, trevirke (både reint og trykkimpregnert), klede, isolerglas, møblar, hageavfall og elektrisk og elektronisk EE-avfall. I tillegg har kvar gjenvinningsstasjon mottak av farleg avfall.
NGIR ønskjer eit system der avfall vert sortert best mulig, og når det gjeld grovavfall er det gjenbrukstasjonane som er eigna til det. Det gagnar også miljøet.

Sist oppdatert (måndag 28. november 2011 10:03)

