Heim

postheadericon Fann telefonen mellom 15 tonn papir

img_0820

Ei veke etter at ho mista telefonen, kunne ei glad Bente Lingjerde henta telefonen sin i Kjevikdalen, utan ei einaste skramme. Bente sin I-phone blei funnen att mellom 10-15 tonn papir ved NGIR sitt sorteringsanlegg.

 

Bente Lingjerde skulle berre kasta reklamen i papirbosset etter å ha vore på spasertur med ei venninne førre måndag. Seinare på kvelden fann ho ut at I-phonen hennar var sporlaust borte.

 

- Eg visste at eg hadde hatt den med meg på turen, og at den hadde forsvunne etter at eg hadde kome heim, men skjøna ikkje kor den kunne vera, fortel Bente. Ho gjekk og låg seg, vakna neste morgon og byrja grubla på kor telefonen kunne vera.

 

- Eg hadde vore litt stressa då eg henta posten, og fekk ei uroande kjensle av at telefonen hadde gått i papirbosset. Eg skynda meg ned til bosspannet, men det var allereie tømd, fortel ho.

 

Nåla i høystakken


Bente ringe NGIR og fortalde kva ho trudde hadde skjedd. Ho blei lova at dei skulle ringa ho, dersom telefonen dukka opp att.

 

- Eg bestemte meg for å gi det ei veke, før eg bestilte ny telefon, fortel Bente. Måndag ringte ho på nytt til NGIR for å høyra om telefonen hadde dukka opp, men fekk beskjed om at det hadde den dessverre ikkje. Ho låg på, og slo nummeret til Telenor for å bestilla seg ny telefon.

 

- Berre eit halvt minutt etter at eg hadde lagt på med Bente, kom beskjeden frå sorteringsanlegget om at I-phonen var funne, fortel Ebba Fjeldstad ved NGIR. Då ho ringte Bente for å fortelja den glade nyhenda var Bente alt på tråden med Telenor, men då ho låg på, fekk ho beskjeden om at ho kunne reisa i Kjevikdalen å henta den gamle I-phonen sin.

 

- Utruleg kor avhengig ein blir av mobiltelefonen, så no er eg veldig glad for å ha fått den attende, seier Bente glad.

 

Utan ei skramme


I-phonen til Bente har først overlevd turen inn i komprimatorbilen, som tek 5-6 tonn med papir og pressar det saman inni lasterommet. Deretter vert papiret frakta til NGIR sitt sorteringsanlegg i Kjevikdalen, og tømd på golvet i sorteringshallen. Deretter vert papirberga skuffa ned i ei renne i golvet, av ein hjullastar på 8 tonn. Papiret vandrar så via eit transportband opp i sorteringshallen, der alt papiret vert sortert for hand.

 

- Ganske utruleg at den blei funne, og enno meir utruleg at telefonen ikkje har fått ei skramme, seier Ebba Fjeldstad i det Bente er innom for å henta I-phonen sin. Ho fortel at det ikkje er første gang det har kome førespurnader om ting som har funne vegen i bosset utan at det høyrer til der.

 

- Eit døme er fleire damaskdukar som blei kasta i søpla av eit ungdomslag då dei rydda etter eit bryllaup. Det var i den tida vi hadde deponi, og då var det diverre umogleg å finna dei attende, fortel Fjeldstad.

 

Alle tiders service


Det er inga tvil om at Bente har hatt ein god porsjon flaks,då telefonen hennar dukka opp att etter ei veke på avvege utan ei skramme.

- Eg må nok innrømma at eg er litt distré av meg, og har fått høyre det denne veka. No vert det vel enno verre, seier Bente lattermild.

 

Ein av NGIR sine tilsette hadde tatt seg bryet med å lada opp telefonen medan dei venta på at Bente skulle henta den.

- Det må ein berre kalla alle tiders service, smiler Bente.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Sist oppdatert (tysdag 20. desember 2011 12:52)