Artikler
Skulebesøk
Omvisning på NGIR sitt anlegg
NGIR ønskjer å bidra til å etablera kunnskap og gode haldningar til avfall og miljøvenleg ressursutnytting hjå born og unge. Det har vist seg å ha god effekt å leggja inn eit besøk til avfallsplassen i Kjevikdalen. På denne måten får elevane eit forhold til dei store avfallsmengdene som vert skapt i regionen, og kva som skjer med dei. Undervisningsopplegget erførst og framst retta mot 4. klasse.
Dette skjer:
- Omvisning på sorteringsanlegg, vrakbilplass, og omlastningsområde for glas og metall.
- Konkurranse inne, der elevar (og lærarar) får prøva seg på kjeldesortering i praksis
- Dersom de har tid og lyst, kan de på eiga hand gå ei flott naturløype med miljøpostar like ved anlegget. Tid: omlag 1 time.
Tryggleik
Det vert lagt stor vekt på tryggleik i Kjevikdalen, då dette er eit industriområde. Det er spesielt viktig at elevane er merksame på trafikk og maskinar i arbeid. Omvising skjer på føremiddag, då det er minst tungtrafikk på området. Løypa tek frå 1,5 til 3 timar, alt etter kor stor gruppa er.
Gratis skulemateriell
Før besøket kan ein få tilsendt elevhefte i regi av LOOP miljøskule med tema om avfall, kjeldesortering og miljø. Alt vert sendt kostnadsfritt til skulen.
Nyttig materiell frå Loop:
- Teaterforestilling: Garbagiamysteriet om forbruk og miljø. Utvikla for 4. trinn av LOOP Miljøskole og Kulturværste, og kjem som ei komplett pakke som viser korleis de enkelt kan sette opp stykket hjå dykkar skule.
- Interaktiv og digital avfallspyramide. Morosamt og lærerikt hjelpemiddel.
Transportstøtte
NGIR tilbyr seg å finansiera utlegg for offentleg transport til Kjevikdalen. Det kan vera lurt å vera tidleg ute for å tinga avtale. Ta kontakt på telefon 56 34 33 10 eller send mail til
Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.
.
Velkommen på omvisning i Kjevikdalen!
