Heim Dokumentasjon

postheadericon Dokumentasjon

Avfallsprodusenten er ansvarleg for å dokumentera at avfallet dei leverer direkte til deponi møter myndighetskrava i avfallsforskrifta, kapittel 9. Dette gjeld ikkje avfallsfraksjonar som:

I desse tilfella vert NGIR avfallsprodusent, og må sjølv dokumentera at avfallet møter krava.

Avfall som vert levert NGIR som reine fraksjonar til gjenvinning, skal heller ikkje basiskarakteriserast. Sjå under mottakskrav for kva krav som vert stilt til kvar enkelt fraksjon.

Frå juli 2008 er det krav til avfallsprodusentar som leverer avfall til deponi. Avfallet skal basiskarakteriserast med omsyn til innhald.

Produsenten av avfall er no ansvarleg for å vita kva avfallet inneheldt av mogeleg ureining. Difor skal kvar leveranse deklarerast.

NGIR kan deponera avfall i tre kategoriar:

  • Ordinært avfall: avfallet skal ikkje inneheld farleg avfall.

  • Inert avfall: avfallet skal ikkje innehalde farleg avfall ,og utlekkingseigenskapane ikkje overskrider verdiane gitt i avfallsforskrifta.

  • Farleg avfall som er stabilt og ikkje reaktivt: Må og tilfredsstilla grenseverdiane i vedlegg til avfallsforskrifta.

Meir informasjon og detaljar finn du i krav til avfallsprodusent. Det er naudsynt å setja seg inn i dei krava som regelverket sett for avfallsprodusentar.

Tittelfilter     Vis antal 
Nr. Artikkeltittel
1 Krav til avfallsprodusent
2 Slik gjennomfører du ei basiskarakterisering
3 Slik fyller du ut deklarasjonsskjemaet