Font Size

Cpanel

Vanlege spørsmål frå kunden og svar

Spørsmål og svarNår huset ikkje er i bruk, og eg ikkje leverer avfall frå bustaden, skal eg då betale renovasjonsgebyr?
Eigarkommunane til NGIR har vedteke at alle hus og hytter i NGIR- kommunane skal ha ei renovasjonsordning. Dette betyr at du må betala renovasjonsgebyr sjølv om huset ikkje er i dagleg bruk. Du kan i slike tilfelle søkja NGIR om redusert gebyr på bustaden. Dersom huset kan dokumenterast å ikkje vera i bruk i minimum 6 mnd, kan det gjevast reduksjon i gebyret tilsvarande halvt normalabonnement. Avfallsdunkane som høyrer til husværet som det vert søkt reduksjon for, må leverast inn til NGIR i reingjort tilstand, og eventuelt avfall må leverast på gjenvinningsstasjonane. For å få reduksjon må du senda inn ein søknad til NGIR. Søknadsskjema finn du herVer obs på at reduksjonen ikkje har tilbakeverkande kraft, og NGIR må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt reduksjon for.

Kva skal til for at eg kan få fullt fritak for renovasjonsgebyret?
Fritak for renovasjonsgebyret vert berre gjeve dersom bustaden er i ein slik stand at det ikkje kan bu folk der i ein periode på minimum 6 mnd. Dersom ein har husvære for utleige kan ein få fritak frå gebyret dersom ein går over til å nytta heile huset sjølv. I begge desse høva må avfallsdunkane leverast inn til NGIR i reingjort stand. For å få fritak må du senda inn ein søknad til NGIR. Last ned Søknadsskjema for fritak av ordinær renovasjon. Ver obs på at fritaket ikkje har tilbakeverkande kraft, og NGIR må ha søknaden i hende før den termin det vert søkt fritak for.

Kva rabattordningar har NGIR?
NGIR har to rabattordningar for hushald. Kundar som leverer restavfall berre 1 gong i mnd. får 400 kr rabatt i året. Kundar som komposterer matavfallet heime får ein rabatt på 500 kr i året. Kontakt NGIR for endring.

Finns det rabattordningar for hyttekundar?
NGIR har ingen rabattar for hyttekundar. Det er heller ikkje mogleg for hyttekundar å få tilbod om heimekompostering via NGIR.

Eg er hytteeigar, men nyttar meg ikkje av hytterenovasjonsordninga, treng eg då å betale renovasjonsgebyr?
Så lenge hytta er i brukbar stand, og står oppført i eigedomsmatrikkelen, må hyttekundane betale renovasjonsgebyr, anten ho vert nytta eller ei. Politikarane har vedteke at det skal vera tvungen renovasjon i NGIR sine eigarkommunar. NGIR kan ikkje måla kor mykje avfall den enkelte hytteeigar leverer, og difor kan ikkje gebyret regulerast på bakgrunn av levert mengde.

Kvar kan eg bestilla bossdunkar?
Ta kontakt med NGIR på telefon eller e-post, og ein av våre kunderådgjevarar vil hjelpa deg. Leveringstid på dunkar kan vera på inntil 2 veker. Dersom du ønskjer dunkar før den tid, er det ingenting i vegen for at du kan komma i Kjevikdalen og henta dunkar her. Ta då kontakt i resepsjonen, og ring gjerne for å få ein avtale på førehand.

Kva gjer eg dersom dunken min forsvinn eller vert øydelagd?
Er dunken borte når du skal henta han etter tømminga, kan du sjekka om det står eit spann att, og om nokon kan ha tatt feil spann. Er dunken øydelagd skal du ikkje venta med å ta kontakt. Kunderådgjevarane i NGIR kan bestilla ut ny dunk til deg. Leveringstid på dunken kan vera på opptil 2 veker.

Kvifor er ikkje bosset mitt tømt?
For at du skal vera sikker på at bosset ditt vert tømt, må det setjast fram på hentestaden før kl 07.00 den dagen bosset skal tømmast. Er du seinare ute med bosset, kan ein risikera at renovasjonsbilen allereie har vore der. Sjekk også at du har sett ut rett boss i rett vekenummer. Det er lett å ta feil. Ver flink å sortera bosset riktig. Dersom du til dømes kastar restavfall i papirdunken din, vil ikkje transportøren ta bosset ditt med seg. Har du gjort alt rett, og det likevel skulle skje at dunken din ikkje er tømt, ta kontakt med NGIR. Ved snø og vanskeleg føre, la dunken stå. Renovasjonsbilen kan vera forseinka.

Korleis kan eg få tak i nye bioposar eller plastavfallssekkar?
Du kan få bioposar ved å leggja ein tom berepose halvvegs under lokket på bossdunken din slik at sjåføren av renovasjonsbilen ser den. Han vil då leggja ein rull med bioposar på dunken din. For plastavfallssekkar gjeld same prosedyre, men då legg du ei avis inn i bæreposen. Du kan også hente bioposar og plastsekker på våre gjenvinningsstasjonar i Kjevikdalen, på Manger og på Litlås, og i gjenbruksbutikken i Knarvik.

Eg har fått faktura, men eg har ikkje motteke bossdunkar. Kvifor?
Det går ikkje automatikk i at dunkar blir bestilt ut når du flyttar inn i nytt hus. Dette fordi folk ønskjer ulike renovasjonsordningar. Når du har bygd nytt hus, og NGIR får tilsend ferdigattest på bustaden din, vert det lagt inn gebyr og rutenummer. Me venter derimot med å levera dunkar til du som kunde tek kontakt, slik at me kan levera den løysinga du vil ha.

Eg leverer bosset mitt på gjenvinningsstasjonen, kvifor skal eg då betala renovasjonsgebyr?
Gjenvinningsstasjonen er ikkje meint til den daglege renovasjonen, men for grovavfall. Renovasjonsgebyret dekkjer drifta av gjenvinningsstasjonane til NGIR.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: NGIR diverse Vanlege spørsmål frå kunden og svar