NGIR

Manger gjenvinningsstasjon

Opningstider

 Solendmyra 
Tysdag: 13.00-19.00
  
Laurdag: 09.00-15.00

Hushalds- og hyttekundar kan nytta gjenvinningsstasjonane til å levera avfall som glas- og metallemballasje, metall, trevirke (både reint og trykkimpregnert), klede (UFF-konteinar), isolerglas, møblar, hageavfall og elektrisk og elektronisk (EE) avfall. Grovavfall (større gjenstandar som ikkje går i dunkane) kan kan og leverast. Dette gjeld og på vår- og haustryddinga for dei som har lang veg til næraste stasjon.

 


Farleg avfall

 

Kvar gjenvinningsstasjon har mottak av farleg avfall.

Levering av asbesthaldig avfall
:
Arbeidstilsynet har eiga forskrift for å sikra at asbesthaldig avfall vert handtert forsvarleg. Slik gjer du før levering til ein gjenvinningsstasjon:

 

 

 

  • Levering av asbest/eternitt setjast på eigne pallar
  • Avfallet må vera godt emballsert i plast som skal vera 0,32mm tjukk
  • Uemballert asbesthaldig materiale vert avvist.



Bilvrak og bildekk kan berre leverast i Kjevikdalen. Les meir om levering av bilvrak her. Forhandlarar av dekk er og pliktige til å ta i mot bildekk.

Har du brukbare ting som du vil kvitta deg med, kan du setja desse tinga i gjenbrukskonteinaren. Knarvik Industri og Miljø hentar salgbare ting til Gjenbruksbutikken på Knarvik.

Reglar for gjenvinningsstasjonane


Er du næringskunde? Ta kontakt med ein bedriftsrådgjevar.


Kart over Manger, Radøy

Nettleseren din støtter ikke visning av iframe. <a href="http://nordhordland.avinet.no/default_embed.aspx?id=u5yDijioiFlbsTK" target="_blank">Du kan se innholdet i rammen her</a>