Font Size

Cpanel

Farleg avfall

FarlegvavfallFarleg avfall frå hushald skal leverast til bemanna mottak, dette vil seia ein av NGIR sine gjenvinningsstasjonar eller til eigne henteruter for farleg avfall i kommunane utan gjenvinningsstasjon.

Tett emballasje og tydeleg merking!

Avfallet skal vera i tett emballasje (helst original) og merka tydeleg med innhald, evt. "ukjent innhald". Er emballasjen tett i utgangspunktet, trengs ikkje ytterlegare innpakking. Asbesthaldig avfall skal vera innpakka før ein kjem til gjenvinningsstasjonen.

NB! Bland aldri saman ulike stoff. Levèr "slantane" i kvar si flaske.

Generelt om farleg avfall
Alt avfall som inneheld helse- og miljøfarlege stoff er farleg avfall. Utslepp av slike stoff til jord og vatn fører til miljøskadar på fisk, dyr og plantar, og menneske. Farleg avfall må difor handsamast på ein forsvarleg måte for å unngå slik skade.

Døme på farleg avfall:

  • Basar
  • Bilbatteri
  • Bleikemiddel
  • Fugemasse
  • Insektsmiddel
  • Kjemikalium
  • Kvikksølvtermometer
  • Lakk
  • Lim
  • Måling
  • Naglelakk og -fjernar
  • Olje
  • Oljefilter
  • Oljekanner
  • Omnrens
  • Parafin
  • Plantevernmiddel
  • Sprayflasker
  • Syrer
  • Terpentin
  • Tennveske
  • Ugrasmiddel

NB! Er målingsspannet tomt og tørt, så er det restavfall.

Farleg avfall i PCB-vindauga
PCB (www.pcb.no) er eit svært miljøfarleg stoff som no er forbode i produksjon. Mange skiftar difor ut PCB-vindauge (ruteretur). Desse skal leverast direkte til gjenvinningsstasjon.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Hushald Farleg avfall