Avtale om heimekompostering
Vilkår for å låna varmkompostbinge:
- Komposteringa skal drivast heile året
- Alt bioavfall frå hushaldet som er eigna til kompostering, og som ikkje vert nytta som dyrefôr, skal komposterast.
- NGIR har rett til å føra kontroll med at kompostbingen vert nytta etter føresetnadene
- Varmkompostbingen er NGIR sin eigedom og kan ikkje seljast, gjevast vekk eller flyttast ut av regionen. Om det vert oppdaga feil og manglar ved kompostbingen, skal det gjevast melding til NGIR.
- Dersom du ønskjer å slutta med varmkompostering skal NGIR ha melding, og bingen returnerast.
Dersom du ønskjer avtale om heimekompostering, kan du lasta ned avtale om heimekompostering, fylla ut denne og senda til NGIR, Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin.
Lurar du på noko i høve heimekompostering ta kontakt med vår konsulent på telefon 56 34 33 14, eller send mail på Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. . Her finn du det meste du treng vita om kompostering av matavfall.
NGIR eig komostbingene og leiger dei ut gratis. NGIR kjører ut kompostbinga og leverer den heime hjå deg, mot eit gebyr på kroner 200,-
Utleveringsstader for strø:
Ein føresetnad for å lukkast med komposten er å tilsetja tilstrekkeleg med strø og snu på komposten med jamne mellomrom. Som strø kan du bruka sagflis, opprivne eggekartongar eller ferdigkjøpt strø. Alle hushald som komposterer matavfallet har tilbod om å henta ein gratis sekk med kompoststrø i året. Her er utleveringsstadane:
- Lindås Opplærings- og aktivitetssenter i Knarvik (LOAS)
- Gjenvinningsstasjonane på Manger, Litlås og i Kjevikdalen.
- Einekavane i Masfjorden.
- Modalen kommune, teknisk avdeling.
- Gulen kommune, teknisk avdeling.
- Solund kommune, teknisk avdeling.

Heimekompostering