Om NGIR
Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS (NGIR) vart skipa i 1981 og har i dag meir enn 30 tilsette. Selskapet er eigd av kommunane Austrheim, Fedje, Gulen, Lindås, Masfjorden, Meland, Modalen, Radøy og Solund. NGIR samlar inn og handsamar avfall frå 13 000 hushald, og 6 000 hytter i medlemskommunane. NGIR har høg grad av kjeldesortering hjå abonnentane, og arbeidar for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.
NGIR tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen. I tillegg utfører selskapet slamtømming og tek imot bilvrak. NGIR har også eit eige steinuttak, og i Kjevikdalen i Lindås kan ein kjøpa stein, sand, pukk og grus.
NGIR driv informasjonsverksemd for å fremja kjeldesortering, og tilbyr opplegg for skuleklassar i våre eigarkommunar.
