Font Size

Cpanel

Elektrisk avfall

Krav til elektrisk avfall frå næring

Elektrisk/elektronisk avfall (EE-avfall) er alt avfall som har elektroniske komponentar eller som har vore brukt til å leia straum. EE-avfall må leverast på ulikt vis:

  • Kvitevarer og brunevarer må leverast som stykkgods
  • Store einingar må leverast på pall (t. d el-pumper, el-motorar)
  • Andre typar EE-avfall må leverast i bur som NGIR låner ut gratis
  • NGIR er godkjent som mottak for elektrisk næringsavfall
  • Alle verksemder har rett til å levera næringselektro gratis til NGIR dersom avfallet er sortert.
  • Ordningane for elektrisk avfall frå næring er underlagt returselskapet RENAS, og fleire opplysningar er å finna på deira nettstad.
  • Dersom EE-avfall frå næring vert levert usortert, vil kunden verte fakturert for NGIR sine sorteringskostnader.

Sortering og henting

For at manuell demontering og miljøsanering skal vera mogeleg må produkta vera heile når dei vert levert. Ved levering skal næringselektroavfall sorterast i fem fraksjonar. Ved å sortera rett hjelper du til med å hindra at miljøgifter kjem på avvege. EE-avfall skal ikkje kastas saman med andre t\ypar avfall. Produkta må lagrast og transporterast slik at dei ikkje vert knust eller skada.

Næringselektro

Gruppe 1: Lysrør

Alle variantar av rette lysrør

Gruppe 2: Andre lyskjelder

Sparepærer, damplampar og lysrør som ikkje er rette, lyspærer, glødelampar, ultrafiolette og infarøde lampar.

Gruppe 3: Kablar og leidningar

Alle typar kablar og leidningar. Større mengder einsarta kabel bør leverast separat til behandlingsanlegg.

Gruppe 4: Små einingar

Handverkty, armaturar, installasjonsmateriell, røykvarslarar, alarmanlegg, lampar, panelomnar etc. Avfall som ut frå storleik og/eller materiale må handsamast skånsomt.

Gruppe 5: Store einingar

Elektromotorar, pumper, verktøymaskiner, kranar, vinsjar, transformatorar, aggregat, industrimaskiner, varmtvannsberedarar, heisar, SF6-anlegg etc.

Forbrukararelektro

Sjå ordningar for hushald.

Henting av EE-avfall

I tillegg til å driva miottaksplass kan NGIR låna ut oppsamlingsutstyr (konteinarar, pallebur etc.) NGIR tibyr og transporttenester. Kostnadane ved leige av oppsamlingsutstyr og transport kan ein avtala direkte.

 

For meir informasjon om farleg avfall i elektronikk, sjå erdetfarlig.no 

Krav til dokumentasjon

  • For levering av PCB-haldig lysarmatur, lysstoffrør og sparepærer, må deklarasjonsskjema for farleg avfall utfyllast.
  • For andre typar EE-avfall er det ingen krav.

Handsaming

  • EE-avfall går til gjenvinning.

Avvik

Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.

NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Kva du kan levera Elektrisk avfall