Kjeldesortering
Kjeldesortering er å skille ut den delen av avfallet som fortsatt kan kome til nytte. Resten er restavfall, og kan kan berre nyttast til energiutnytting.
Sorteringa skjer ved kjelden, altså når avfallet oppstår.
Målet med denne delen av nettstaden er å gi dykk informasjon om korleis dei forskjellige avfallstypane skal sorterast.
God sortering er bra for miljøet!
|
| Avfallstypar |
Drikkekartong - brett ein kubbe og legg i dunken!
Alle typar drikkekartong som juice, mjølk, drikkeyoughurt osb., både store og små, med og utan skrukork, kan gjenvinnast. Skrukorken kan stå på kartongen. Hugs å skylja og tørka drikkekartongane. Brett seks og legg desse i ein sjuande. Legg kartongkubbane rett i papirdunken.
|
| Avfallstypar |
Syltet
øyglas, glasflasker utan pant, hermetikkboksar, brus- og ølboksar utan pant, lok og korkar i metall, tomme kaviar- og smøreosttuber osb. kan hivast i konteinarane for glas- og metallemballasje.
- NB! Porselen, keramikk og vindaugeglas kan ikkje gjenvinnast. Dette skal difor i restavfallet, og ikkje i glas- og metallkonteinaren.
Plast
| Avfallstypar |
Plastemballasje leverer du i eigen plastsekk. Denne vert samla inn saman med papiret.
Farleg avfall
| Avfallstypar |
Farleg avfall frå hushald skal leverast til bemanna mottak, dette vil seia ein av NGIR sine gjenvinningsstasjonar eller til eigne henteruter for farleg avfall i kommunane utan gjenvinningsstasjon.
Papir og papp
| Avfallstypar |
Papp og papir - rett i dunken
Alt papir og papp som til dømes avispapir, vekeblad, skrivepapir, reklame, pizzaøskjer, vaskemiddelkartong, arkivmateriale, bølgjepapp, telefonkatalogar m.m. skal kastast i dunken med det blå loket.
Kjeldesortering