Kva du kan levera

I følgje fylkesmannen si miljøavdeling må NGIR stilla krav til avfallsprodusentane. Desse krava er nedfelt i våre mottakskrav. Her definerer NGIR:

  • kva krav som vert sett til dei ulike fraksjonane
  • kva dokumentasjon som eventuelt må leverast med kvar leveranse
  • kva handsaming avfallet får
  • avvikshandtering

Dersom avfallet ikkje møter NGIR sine mottakskrav, vert avfallet registrert som avviksavfall og fakturert etter gjeldande prisar. I tilfelle der kostnadane knytt til handtering av avfallet er høgare enn prisen for avviksavfall, vil NGIR også fakturera for timekostnader knytt til sortering og slutthandsaming av avfallet. Eventuelle meirkostnader er avfallsprodusenten sitt ansvar. Typisk vil ein leveranse med stål, som i utgangspunktet er gratis å levera, bli endra til "avviksavfall" dersom leveransen inneheldt større mengder av andre fraksjonar.

Farleg avfall og elektrisk avfall skal uansett ikkje finnast i lag med andre fraksjonar og vil alltid verta registrert med avvik.

Tabellen nedanfor viser dei vanlegaste avfallstypane NGIR tek i mot. Klikk på avfallstypen for å få opp NGIR sine mottakskrav.

AVFALLSTYPE

Har du andre avfallstypar ta kontakt og me vil gje deg ein god pris.

Vårrydding

Vårrydderuter for 2012

NGIR sine vårrydderuter for 2012 er på plass. Rutene er for hushalds- og hyttekundar som bur langt frå gjenvinningsstasjonane til NGIR. Les meir

 

Farleg avfall

Henterutene for farleg avfall

NGIR hentar farleg avfall hjå deg som bur langt frå våre gjenvinningsstasjonar. Her finn du aktuelle datoar. Les meir

Kampanje-710-x-252-Plast

Du er her: NGIR diverse Kva du kan levera