Impregnert/kreosot behandla trevyrke
Krav til avfall
Både nytt og gamalt trevyrke som er impregnert eller kreosotinnsett. Både material og trefiberplater har som oftast eit grønskjær som skil dei frå anna reint trevyrke.
Avfallet skal leverast som farleg avfall. Deklarasjonsskjema for farleg avfall må fyllast ut. Avfallet skal ikkje innehalde andre fraksjonar, som til dømes isolasjon og takpapp.
Krav til dokumentasjon
- Deklarert som farleg avfall.
Handsaming
- Avfallet vert sendt til forbrenningsanlegg med godkjenning for brenning av slikt avfall.
Avvik
Avfall som ikkje møter NGIR sine mottakskrav vert registrert med avvik og fakturert som avviksavfall i høve til gjeldande prisar.
NGIR har rett til å avvisa avfall med grove avvik frå mottakskrava.



Impregnert/kreosot behandla trevyrke