Slik fyller du ut deklarasjonsskjemaet
Utfylling av deklarasjonar for avfallet kan vere komplisert. Me vil difor freista å gje ei innføring i korleis ein finn fram til dei rette opplysningane om eige avfall. Felles for alt avfall som vert deklarert, er at deklarasjonen skal visa til ei godkjent basiskarakterisering for avfallet.
Avfallsprodusent
Alle felt under avfallsprodusent skal fyllast ut. Hugs å kryssa av for om dette gjeld næringsavfall eller hushaldsavfall.
Avfallstype og kode
EAL-kode kan ein finna i vedlegg til kapittel 11 om farleg avfall i avfallsforskrifta. EAL koden er alltid ein 6-siffra kode som inneheldt opplysningar om kva type industri avfallet kjem frå. Merk at same type avfall kan liggja føre fleire plassar i lista. Det er dirfor viktig at ein finn den rette industrien først. Avfall som er merka med * er definert som farleg avfall, og kan ikkje utan vidare deponerast. Sjekk difor om ein kan finna det same stoffet utan at det er merka med stjerne. Dersom ein er i tvil, må det utførast ein analyse som syner at avfallet ikkje er farleg avfall.
Avfallsstoffnummer kan ein finna ved å nytta Norsk Standard (NS 9431). Denne koden inneheldt 4 firesiffra tal.
- Dei fire første definerar type avfall. Sjå tabell for liste over kodar og avfallstypar.
- Dei fire neste definerar kva handsaming avfallet får på NGIR sitt anlegg. For avfall som skal deponerast, vil denne koden alltid vera 0700.
- Dei fire neste definerar kva næring avfallet har oppstått i. Tabellen under syner ei oversikt over kva kode dei ulike næringane har.
- Dei fire siste siffra viser i kva kommune avfallet vart produsert.
Tabell 1:
| Kode | Næring |
| 0100 | Jordbruk og skogbruk |
| 0200 | Fiske |
| 0300 | Bergverk og utvinning |
| 0400 | Industri |
| 0500 | Kraft- og vassforsyning |
| 0600 | Bygg og anlegg |
| 0700 | Tenestenæringar |
| 0800 | Avfallshandtering |
| 0900 | Private hushald |
Det skal kryssast av for om avfallet er lovleg å deponera. Som eit minimum kan avfallet ikkje innehalda farleg avfall eller elektrisk avfall. Sjå ellers avfallsforskrifta for meir informasjon.
Kryss av for om avfallet skal deponerast som ordinært avfall, inert avfall eller farleg avfall. Dei viktigaste krava til desse avfallstypane er:
- Ordinært avfall: Kan ikkje overskrida grenseverdiar for farleg avfall, eller stå oppført i tabell 2 nedanfor over avfall som er ulovleg å deponera, sjå også §9.4 i avfallsforskrifta.
- Inert avfall: Kan deponerast som inert avfall utan testing dersom det står oppført i tabell 3 nedanfor. I motsatt fall må avfallet analyserast i etter krav gitt i vedlegg II
- Farleg avfall: NGIR kan deponera farleg avfall som er karakterisert som stabilt og har eit utlekkingspotensial som ikkje overskrid grenseverdiane i punkt 2.3.1 i vedlegg II. Avfall som t.d. eternitt er slikt avfall, men som ikkje treng analyse før deponering. NGIR kan også ta imot andre typar farleg avfall, men dette kan ikkje deponerast. Kontakt oss for pris på dette.
Tabell 2: Avfall som er ulovleg å deponera i høve til §9-4.
| Avfall som er ulovleg å deponera |
| Våtorganisk avfall (det finst unnatak) |
| Flytande avfall |
| Avfall som er eksplosivt, radioaktivt, brannfarleg, eller reaktivt |
| Smittefarleg avfall |
| Ukjende kjemiske stoff |
| Stoff der effekten på menneske og miljø ikkje er kjend |
| Kasserte dekk |
| Avfall som ikkje møter kriteria i vedlegg II |
Tabell 3: Avfall som er ulovleg å deponera i høve til §9-4.
|
Kode i europeisk |
Skildring | Restriksjonar |
| 10 11 03 | Glassfiberavfall | Berre utan organiske bindemidler |
| 15 01 07 | Emballasje av glas | |
| 17 01 01 | Betong | Berre utsortert bygge- og rivingsavfall |
| 17 01 02 | Murstein | Berre utsortert bygge- og rivingsavfall |
| 17 01 03 | Takstein og keramikk | Berre utsortert bygge- og rivingsavfall |
| 17 01 07 | Blandingar av betong, murstein, takstein og keramikk. | Berre utsortert bygge- og rivingsavfall. |
| 17 02 02 | Glas | |
| 17 05 04 | Jord og stein | Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og masser frå forureina grunn. |
| 19 12 05 | Glas | |
| 20 01 02 | Glas | Berre separat innsamla glass. |
| 20 02 02 | Jord og stein | Berre frå hage- og parkavfall. Unnateke toppjord med høgt organisk innhald og massar frå ureina grunn. |
Avfall som oppstår jamnleg
Avfallet kan klassifiserast som avfall som oppstår jamnleg dersom det oppfyller følgjande krav:
- Avfallet oppstår frå same prosess
- Vert produsert regelmessig
- Er basert på same råstoff
- Samansettinga reknast å ikkje variere mykje over tid.
Dersom avfall oppfyller desse kriteria, kan NGIR saman med kunden definera avfallet som "avfall som oppstår jamnleg". Då er kravet til avfallet at deklarasjonen skal visa til ei basiskarakterisering som godkjent av NGIR.
Merknad
I merknadsfeltet skal avfallsprodusenten notere all naudsynt informasjon som ikkje kjem fram på skjemaet, og som kan reknast å ha interesse for NGIR ved handsaming av avfallet.
Skjemaet skal signerast av avfallsprodusenten og påførast dato for levering.
Sjå og:

Deklarasjonsskjema