Font Size

Cpanel

Kva du kan levera

I følgje fylkesmannen si miljøavdeling må NGIR stilla krav til avfallsprodusentane. Desse krava er nedfelt i våre mottakskrav. Her definerer NGIR:

  • kva krav som vert sett til dei ulike fraksjonane
  • kva dokumentasjon som eventuelt må leverast med kvar leveranse
  • kva handsaming avfallet får
  • avvikshandtering

Dersom avfallet ikkje møter NGIR sine mottakskrav, vert avfallet registrert som avviksavfall og fakturert etter gjeldande prisar. I tilfelle der kostnadane knytt til handtering av avfallet er høgare enn prisen for avviksavfall, vil NGIR også fakturera for timekostnader knytt til sortering og slutthandsaming av avfallet. Eventuelle meirkostnader er avfallsprodusenten sitt ansvar. Typisk vil ein leveranse med stål, som i utgangspunktet er gratis å levera, bli endra til "avviksavfall" dersom leveransen inneheldt større mengder av andre fraksjonar.

Farleg avfall og elektrisk avfall skal uansett ikkje finnast i lag med andre fraksjonar og vil alltid verta registrert med avvik.

Tabellen nedanfor viser dei vanlegaste avfallstypane NGIR tek i mot. Klikk på avfallstypen for å få opp NGIR sine mottakskrav.

AVFALLSTYPE

Har du andre avfallstypar ta kontakt og me vil gje deg ein god pris.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Næring Kva du kan levera