NGIR støttar Miljøfyrtårn
NGIR yter økonomisk støtte til verksemder i Nordhordland, Gulen og Solund, og kan delvis dekkja kostnadane ved miljøfyrtårnsertifisering. Dette vil skje etter søknad i etterkant av at verksemda er godkjent som Miljøfyrtårn.
Miljøfyrtårnssertifisering er ei nasjonal sertifiseringsordning for små og mellomstore verksemder. Den har som mål å heva miljøstandarden i norske verksemder, både offentlege og private. Miljøfyrtårnsertifisering er eit naturleg steg på vegen til ISO-sertifisering (14001). Les meir om ordninga på www.miljofyrtarn.no.
NGIR vart sertifisert som miljøfyrtårn i 2003.
Gode grunnar til å bli miljøfyrtårn:
- Miljøfyrtårnbedrifter sparar driftsutgifter.
- Miljøprofil gjev konkurransefortrinn.
- Betre arbeidsmiljø for dei tilsette.
- Mindre belasting på naturen.
- Lettare godkjent som underleverandør.
- Føl rekneskapslova sine krav om miljørapportering.
- Gjev grunnlag for å gå vidare mot andre sertifiseringar.

Miljøfyrtårn