Font Size

Cpanel

Næring

Skulebesøk

SkulebesøkOmvisning på NGIR sitt anlegg

NGIR ønskjer å bidra til å etablera kunnskap og gode haldningar til avfall og miljøvenleg ressursutnytting hjå born og unge. Det har vist seg å ha god effekt å leggja inn eit besøk til avfallsplassen i Kjevikdalen. På denne måten får elevane eit forhold til dei store avfallsmengdene som vert skapt i regionen, og kva som skjer med dei. Undervisningsopplegget erførst og framst retta mot 4. klasse.

Dette skjer:

  • Omvisning på sorteringsanlegg, vrakbilplass, og omlastningsområde for glas og metall.
  • Konkurranse inne, der elevar (og lærarar) får prøva seg på kjeldesortering i praksis
  • Dersom de har tid og lyst, kan de på eiga hand gå ei flott naturløype med miljøpostar like ved anlegget. Tid: omlag 1 time.

Tryggleik
Det vert lagt stor vekt på tryggleik i Kjevikdalen, då dette er eit industriområde. Det er spesielt viktig at elevane er merksame på trafikk og maskinar i arbeid. Omvising skjer på føremiddag, då det er minst tungtrafikk på området. Løypa tek frå 1,5 til 3 timar, alt etter kor stor gruppa er.

Gratis skulemateriell
Før besøket kan ein få tilsendt elevhefte i regi av LOOP miljøskule med tema om avfall, kjeldesortering og miljø. Alt vert sendt kostnadsfritt til skulen.


Nyttig materiell frå Loop:

Transportstøtte
NGIR tilbyr seg å finansiera utlegg for offentleg transport til Kjevikdalen. Det kan vera lurt å vera tidleg ute for å tinga avtale. Ta kontakt på telefon 56 34 33 10 eller send mail til Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. .

Velkommen på omvisning i Kjevikdalen!

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Næring NGIR diverse Skulebesøk