Font Size

Cpanel

Næring

Levering av bilvrak

Bilvrak

  • Bilvrak og bildekk kan leverast ved å vende seg til resepsjonen i Kjevikdalen. Gjenvinningsstasjonane på Litlås og Manger tek ikkje imot bilvrak.
  • Ta med kvittering for innleverte skilt når bilen skal leverast. Om skilta enno ikkje er leverte inn, må ein visa vognkort.
  • Personnummeret til den som skal ta imot vrakpanten må oppgjevast.
  • Det er ikkje lov å skru på bilane etter at dei er innleverte.
  • Bilen skal vera heil ved levering, det vil seie at karosseriet ikkje skal vere kutta i.
  • Bilen skal vera rydda for boss og bildelar.
  • 5 bildekk kan leverast med kvart bilvrak, inkludert dei som er på. Utover det kan bildekk leverast i konteinar på gjenvinningsstasjon gratis.

Opningstider for levering av bilvrak:

Bilvrak                  Måndag - onsdag og fredag 08.00 - 15.30
Torsdag 08.00 - 18.00
NB! NGIR tek ikkje imot bilvrak på laurdagar  

Vrakpant og årsavgift

Vrakpanten vert utbetalt av Toll- og avgiftsdirektoratet. Det går normalt seks veker før denne vert utbetalt. Ta kontakt med NGIR eller Avgiftsdirektoratet på 22 86 05 08 eller sjå Tollvesenet dersom du har spørsmål.

  • Ved vraking innan 20. mars skal du ikkje betala årsavgift.
  • Ved vraking fra 21. mars til og med 30. juni skal du betala halv årsavgift. Beløpet vert betalt attende til sist registrerte eigar.
  • Ved vraking etter 30. juni må ein betala full avgift.
  • Ordinær vrakpant for 2013 er kr 2 500.


Minstekrav for å få utbetalt vrakpant

  • Bilen skal leverast med heil og ikkje oppdelt ramme, chassis eller bærande karosseri, kor understellsnummeret er prega jamfør § 4.8 i forskrift om kasserte kjøretøy 
  • Ordninga omfattar person- og varebilar under 3 500 kg, samt kombinerte bilar uansett tillete totalvekt og beltemotorsyklar, minibussar og campingbilar.
  • Taket må ikkje trykkast ned før levering. Dette gjer det vanskeleg å miljøsanera bilen, og kan påføra eigar ekstra kostnader. Er det naudsynt å trykka ned taket på grunn av transport eller anna, må det takast kontakt med biloppsamlingsplassen på førehand.

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet


Dekk og fjerning av delar

  • Bileigar har høve til å fjerna delar, dørar, skjermar og motor før innlevering. Det skal i utgangspunktet ikkje skjærast i bilen for å ta ut delar.
  • Bileigar kan fjerna dekk umiddelbart etter at bilen er levert på biloppsamlingsplassen. NGIR tek fritt imot dekk som bilen står på, samt reservehjulet.
  • Dekkforhandlarar har plikt til fritt å ta imot kasserte dekk.

NB! NGIR tek kun imot bilar som kvalifiserer til vrakpant.

ScanStockPhoto image 220898

Du er her: Næring NGIR diverse Levering av bilvrak