Heim Om NGIR

postheadericon Om NGIR

NGIR - Organisering

NGIR (Nordhordland og Gulen Interkommunale Renovasjonsselskap IKS) vart skipa i 1981 og har omlag 25 tilsette. Selskapet er i dag eigd av kommunane
Austrheim
,
Fedje
,
Gulen,
Lindås,
Masfjorden,
Meland,
Modalen
,
Radøy og
Solund
.


Fakta om NGIR

  • Ansvarleg for innsamling og vidare handsaming av alt avfall frå omlag 12.500 hushald, og 6.000 hytter i medlemskommunane.

  • Har høg grad av kjeldesortering hjå abonnentane.

  • Arbeider for avfallsreduksjon til beste for miljø og klima.

  • Tilbyr avfallsløysingar, rådgjeving og tenester til industri og næringsliv i regionen.

  • Utfører slamtømming for eigarkommunane.

  • Tek i mot bilvrak.

NGIR skal vera ei kundeorientert og konkurransedyktig verksemd som aktivt arbeider for eit betre miljø ved å fremja kjeldesortering, gjenbruk, gjenvinning og resirkulering. NGIR har eit godt omdøme blant abonnentane og selskapet har ein god økonomi.

Sist oppdatert (måndag 01. november 2010 09:41)