Banner
Heim Om NGIR Nyhende

postheadericon Ikkje auka vrakpant hjå NGIR

NGIR har fått mange telefonar etter at Avisa Nordhordland kunne melde om auka vrakpant. Selskapet presiserer at det er Autoretur AS som har ein kampanje, der dei for ein periode gir 2500 kroner for ein utrangert bil. Hjå NGIR er prisen framleis 1500 kroner i vrakpant etter staten sine direktiv.

Sist oppdatert (torsdag 29. september 2011 18:36)

 

postheadericon Ledig stilling - kunderådgjevar

NGIR har ledig stilling som

kunderådgjevar

NGIR har i dag omlag 13.000 hushaldskundar og 6.000 hyttekundar. Kunderådgjevaren er sentral i å vedlikehalda og vidareutvikla kunderegisteret, og har ansvar for sakshandsaming knytt til privatkundar.

Sentrale ansvarsfelt for kunderådgjevaren:
•  Sakshandsaming knytt til renovasjonsforskrifta.
•  Vedlikehald av kunderegister.
•  Administrera praktisk tilrettelegging for kundane.
•  Gje uttale i arealplanar.

Stillinga krev gode samarbeidseigenskapar, samt god munnleg og skriftleg framstillingsevne. Det er naudsynt med erfaring i bruk av dataverktøy og det vil vera ei føremon å ha kjennskap til GIS. Relevant utdanning på høgskulenivå og erfaring frå offentleg forvalting er ynskjeleg. Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

Administrasjonsmålet i NGIR er nynorsk. Løn etter avtale. Spørsmål om stillinga kan rettast til dagleg leiar, Øystein Lilletvedt tlf. 56 34 33 17.
Søknad med CV og kopi av attestar sender du til NGIR, Lindåsvegen 1260, 5956 Hundvin, eller på e-post til Denne e-postadressa er verna mot program som samlar e-postadresser. Du må aktivere JavaScript for å kunne sjå adressa .

Søknadsfrist: 4. april.

Sist oppdatert (torsdag 19. mai 2011 11:03)

 

postheadericon Innsamling av landbruksplast

Plastfolie frå landbruket

 

I samarbeid med bondelaga i Radøy, Meland, Austrheim og Lindås, samlar NGIR inn plastfolie frå landbruket laurdag 26. mars kl 10.00–15.00.

 

Hella på Radøy v/ Otto Hella tlf 934 98 044  
Meland v/ Magnar Askeland         
tlf 918 63 484
Nordre Lindås v/ Jostein Hellestveit         
tlf 950 00 264
Vågseidet v/ Ove Holmås tlf 482 00 930
NGIR – Kjevikdalen

 

Dette kan du kasta:                               

Dette kan du ikkje kasta:
  • Rundballefolie –  kvit og farga
  • Produktrestar
  • Rundballenett i eigen sekk
  • Jord og sand
  • Anna plast

 

Slik gjer du:

1.    Rundballeplasten må vera så rein som mogleg.

2.    Fjern rundballenettet og legg det i eigen plastsekk i konteinar.

3.    Rundballane kan leggjast rett i konteinaren.

 

Sist oppdatert (onsdag 16. mars 2011 14:04)

 

postheadericon Bosstømming i vintersesongen

Bosstømming om vinteren

Snø og kulde kan vera upraktisk og ei utfordring for folk flest. Det gjeld og for mannskap som skal tøma bosset eller brøyta på vegane.

 

Her er nokre tips som kan gjera bosstømming om vinteren enklare:

  • Legg avispapir i botn på dunken. Då frys ikkje bosset fast.
  • Rydd plass til bossbilane på tømmedagen.
  • Brøyt godt rundt dunkane - det kan koma meir snø.
  • Ta inn bossdunken etter tøming. Den kan stå i vegen for trafikk, og det er vanskeleg å brøyta rundt ein bossdunk.
  • Ikkje plasser dunkane rett bak brøytekantar. Det er trungt å dra dunken over kanten, og dunken kan lettare bli skadd.

 

 

Sist oppdatert (måndag 17. januar 2011 13:05)

 

postheadericon Nye transportørar frå 1. januar 2011

Retura Vest køyrer bossbilane


Frå 1. januar i år køyrer Retura Vest AS bossbilane for NGIR. Retura Vest er eit aksjeselskap med kontor i Bergen. BIR Bedrift eig 50 %, og dei siste 50 % er eigd av Hans Ask Transport AS, Brødrene Salomonsen AS og Strandvik Transport og Maskin AS med 16,66 % kvar. I 2009 hadde selskapet ei omsetting på 30,7 millioner kroner.
 
Fleire artiklar…