Banner
Heim Om NGIR Nyhende Miljøprisen 2010

postheadericon Miljøprisen 2010

miljpris-diplom-2010Den 31. mai vart NGIR sin miljøpris delt ut.

Vinnarane står for idrettsarrangement som involverer store mengder folk, både på arrangør- og deltakarsida. Her blir på offensiv måte satsa på kjeldesortering av alt avfallet som oppstår. Vinnarane har gjennomført opplæring av eigne ”vaktstyrkar” og har sytt for informasjon til publikum. Dette er med på å synleggjera for alle at det er viktig å ta vare på ressursane i avfallet. Etter fleire år med kjeldesortering av avfall, har ein lært opp ungdom, som så blir rettleiarar for nye kull. Juryen meiner det er prisverdig at idretten tar samfunnsansvar også på denne måten. Prisen blir delt likt mellom dei 5 vinnarane.

Vinnarane er:

  • Austrheim-cup
  • Knarvikmila
  • Kvernbit-cup
  • NBK-cup
  • NBK-Tine Fotballskule

Sjå óg omtale i avisene Strilen og Nordhordland.

Diploma er laga av Solveig Serigstad Hauge. Møt henne på Facebook

Sist oppdatert (onsdag 08. september 2010 11:06)